søndag 19. april 2009

Comic Life

Dette dataprogrammet passer fint i arbeidet med samansette tekster. Pogrammet lar oss laste ned bilde, sette inn sankkebobler med tekst for så å sette bilda i rekkefølge. Slik kan vi på ein enkel måe sette tekst til bilder, enten det er beskrivelse for kva du ser, eller tekst som viser kva personen7dyret seier. Eit slikt programm er nyttig i mange situasjoner, enten det er for fritidsbilder privat eller i undervisnings arbeid.

Generellt så er digitale ferdig heit ein av dei 5 grunnleggande ferdigheitene for grunnskulen. Spesifikt kan ei knytte bruk av programmet til følgande fag:

Kunst og håndverksfaget.


I læreplanen står det at elevane frå 5-7 kl skal kunnme:


  • lage teikneerier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film.
  • fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt
  • sette sammenog vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger

I læreplanen Grep står det at elevane frå 8-10 kl skal kunne:

  • bruke ulike funksjoner i bildebehandlingsprogram
  • dokumentere eget arbeid i multimediepresentasjoner

Norsk

I læreplanen står det under formål at elevane i grunnskulen skal kunne:

  • Norskfaget forholder seg til et bredt spekter av tekster, både muntlige, skriftlige og sammensatte tekster, der skrift, lyd og bilder spiller sammen. Et norskfag for vår tid bygger på et utvidet tekstbegrep som inkluderer alle disse tekstformene. Faget skal hjelpe elevene til å orientere seg i mangfoldet av tekster og gi rom for opplevelse, læring, refleksjon og vurdering.

Mat og helse

I læreplanen sstår det at elevane skal etter 7. klasse kunne:

  • Mål for opplæringen er at elevene skal kunne: utvikle, lage og presentere eit produkt.

Her vil det paase fint å presentere dette produktet ved hjelp av Comic Life.

Vidare så opner læreplanen for at ein kan knytte Comic Life inn i dei faga ein måtte ønske. Slikkan ein variere undervisninga, lage det meir interessant og lette innlæringa av nytt pensum.

Kilde:

http://www.udir.no/grep/Kunnskapsloftet-fag-og-lareplaner/

[Lasta ned 19/04/09]

Tankeverktøy, Mindomo

På 1 .samling så tok gruppa mi for seg alle sosiale nettstadane. Vi orinterte oss rundt og fann ut kjenneteikna til dei mest brukte, og prøvde å kategorisere dei ulike typane nettstadar. For å kunne sette opp tankane våre på ein oversiktleg måte, brukte vi preogrammet Mindomo. Dette programmet lager digitale samansette tankekart. Her kan ein bygge opp tankekart med tekst, lyd og bildefiler, lemkjer og alle tenkelege digitale filer. Det er eit lettfatta og godt verkty for å sortere tankane sine, og bygge opp systematisk kunnskap rundt eit tema. Det kan nyttes i undervisninga for elevane 8notater), av lærar for foredrag og som base for all pensum i eit tema. Ein kan nytte det sjølvstendig, eller i samarbeid med andre meir som pedagogiske mapper. Fantastisk verktøy!

3D programmet SketchUp

Det å kunne nytte seg av 3D teikning er interessant og lærerikt for elevane. Ved å nytte det gratis 3D teikneptogrammet Google SketchUp vil elever lett lære å tenke flate og romm. Dette kan være med for å lettere lære om flate, romm og mål i matematikk. Programmet er svært lettfatteleg, og elevane kan utan større kunnskap orientere seg rundt i programmet og teikne figurer i 3D. Det kan brukes for å konkretisere og variere undervisningen.

Michael Wesch vs Neil Selwyn

Livet er livslang læring. I alle tider har dei lærde diskutert kva som er den mest nyttige og effektive måten å tilegne barn og unge visdom. Visdom for å integrere seg fult ut i samtidas samfunn, og utvikle dette samfunnet mot noko ønska og betre. Læringsstrategiane har vore forskjellige, alt etter tid, menneskesyn og politisk styresett. Pedagogane er ofte speilbilde av det samfunnet dei er oppdradd i, og har da og sjølvsagt forskjelleg syn på dei ulike læringsstrategiane.

Det nettbaserte samfunnet, har flytta læringsarenaen frå bok til internett, og dette har skapt nye store utfordringar for skulen. Korleis og kor mykje skal ein styre barn og unge sin bruk av digitale verktøy og her Web 2.0 verktøy i undervisning for å nå ønska kompetanse? Skal ein diktere eller la dei få fritt utfolde seg, undrande utan kart og kompass på gjennom Web 2.0 verktøy?

Denne artikkelen syner to forskjellege syn på det aktuelle problemet; Web 2.0 i skulen, er det kvalitativt teneleg for å nå kunnskapsmåla? Representert av forskarane Michael Wesch og neil Selwyn. Eg avsluttar med min eigen konklusjon.

Michael Wesch er stor tilhengar av å la elevane få nytte Web 2 verktøy i skulen. Han ser den gamle styrte pedagogikken som kvelande for elevanes kreative utvikling. Ingen nye vegar blir gått, ved å gå i dei gamle sine fotspor. Det er den instinktive nysgjerrigheita på å forstå omverda som skal leie elevane frå spørsmål til ny læring, vidare til nye spørsmål til atter ny lærdom og så vidare og vidare. Elevane lærer best utan nedteikna struktur av autoritære veiledarar. Oppretting av wikiar blir sett på som nyttige der elevane kan utvikle ny kunnskap og virkeligheitsoppfattning gjennom sosial samhandling med andre elevar, enten gjennom å stille eller å svare på spørsmål.
Ved minst mogleg inblanding av lærarar med fasit, så slepp elevane fri. Dei tør å utvikle seg utan begrensningar, og tør å stille spørsmål på og til alt. Ingenting er for dumt til å undres over.

Neil Selwyn representerar forskarar som vektlegg ein meir styrt pedagogikk. Han meiner at Web 2.0 kan vere eit bra verktøy, men det må vere styrt med autoritet av læraren. Verktøyet har potensiale, men det må bli styrt for å oppnå kvalitet som gjer læring innanfor gitt pensum. Det er lett for at elevane ikkje klarer å nytte Sosial Web til annna enn å pleie sitt sosiale nettverk. Elevane vil vanskeleg klare å sjå korleis verktøyet skal håndterast i arbeid for å nå ønska kompetansemål. Ein har begrensa tid til undervisning i kvart delmål, og desse programma kan her representere ein mektig "tidstjuv" i undervisninga. Dersom det blir brukt Sosilal Web i skulen, må det vere i pedagogikk mot eledre elevar, for dei yngre har lett for å gå seg bort med tull og tøys.

Eg sjølv er ikkje samd med nokon av forskarane, men ligg meir midt mellom deira sine syn. Eg meiner at Sosial Web er noko barn og unge kjenner godt til, og bør kunne bli nytta produktivt i undervisning i nokre tema. Ved ein lærar med digital kompetanse, kan slike verkty bli nytta for å nå ønska kunnskapsmål. Det er viktig at læraren veileder og sikrer kvalitet på kilder som blir brukt, og vektlegg kildekritikk og rett publisering. web 2.0 er komt for å bli, og er godt egna til å variere undervisninga. Ved hjelp av elevengasjement med spørsmål og openheit til å utfolde seg, vil elevane oppgnå meir, vidare og høgare kompetanse. Web 2.0 verktøy som Nettby og Facebook er vanlege blandt elevane, og det er godt mogleg å nytte dette som læringsverktøy. Verda utviklar seg fort, og dei unge møter ei uendeleg mengd informasjon kvar dag. Det er viktig å ikkje leggje band på dei, men heller hjelpe dei til å orientere seg til kvalitetssikra informasjon. Dersom ein klarer å nytte verktøy som er interessant og kjente for elevane trur eg ein kjem langt i vegen mot ønska kunnskap.

Kilde:
Wesh Michael, "Anti-teaching: Confronting the crisis of significans", 2008

Selwyn Neil, "Web 2.0 applications as alternative environments for informal learning- a critical revew"

http://www.youtube.com/user/mwesch

Samling 1

Semesterets første samling. Kjeket å møte ærarane og medstudentane igjen. Alle mann alle klare for nye 15 studiepoeng med mykje nyttig og undrvisningsrellatert data kompetanse.
Den først samlinga for DKL102 fekk vi mykje informasjon om kva som venta oss dette vårsemesteret. Vi fekk innføring i opretting av Google nettstad, og Blogg. Det var interessant å lære korleis nettsider oppdaterer seg kontinuerleg gjennom bruk av RSS.

Samling 3, fredag

I dag hadde vi eæren av å ha selveste Tor Arne Wølner, forfatteren av boka "Fra digital ferdighet til kompetanse" som foreleser. Vi fekk høre om praktisk bruk av digitale mapper og pedagogiske tekster i skulen. Forelesningen omhandla beuk av Animasjon i skulen. Vi fekk til slutt ei oppgåve å lage ein animasjonsfilm knytt opp til reklame eller eventyr. Vi måtte definere klassetrinn, knytte animasjonen opp til ulike fag og generelle og spsifikke kompetanse mål. Vi laga målopnåings skjema med lav og høhg målåopnåing, skreiv historien og produserte filmen. Vårt (Mari H, Marianne O og undertegna) endte opp i relamefilmen "Kvikk lunch - en god tur kammerat". Du finn filmen på bloggen til Mari H (ligg blandt bloggene eg følger) på denne linken: http://heggdm.blogspot.com/search/label/animasjon
Det var interessant arbeid, og lærerikt korleis bruke slik produksjon som verktøy i kompetanse oppbyggingen for elevane. Det er mulig å nå målene ved å ha rett struktur og fokus på dei skulefagleghe kompetansemålene. Elers blir slike prosjekt ofte berre mykje arti leik med digitale verktøy, uten å nå nokon bevisste læringsmål.

torsdag 16. april 2009

Arbeids helg med M3

(02.04-05.04)
denne helga har vore ofra til M3 skriving. Etter grubling, kjelde forskning, og disposisjons laging er tida komt til å få gjort ferdig M3. dersom eg blir ferdig i rimeleg til søndag, så reiser eg med yngste jenta sørover til bestemor og bestefar. eg arbeider best under press. Informasjonsnavet lagt med hjelp av programmet Netvibes virker svært effektivt i læring av dei forskjellige læringsmåla i kunnskapsløftet. Ein kan her hjelpe elevane med å finne fram til kvalitetsikra nettstadar som omhandlar gitte tema i ulike fag. Interessant å lære om slike verktøy, og kor dei vil lette innlæring av ny kunnskap.
Oppgåva blei ferdig og levert til søndag, så det blei påsketur sørover til glede for stor og liten.

Samling 3, torsdag

I ettermiddag har det vore å gå gjennom mappeoppgåvene på grupper og gi respons til kvarandre. Marianne og eg kom på gruppe. det var lærerikt med ein ny gjennomgang av oppgåvene. No i ettertid ser ein på arbeidet med nye augo, og det er lettere å reflektere rundt løysninga, gje respons til kvarandre og forhåpentlegvis forbetre oppgåvene til ein evt. eksamen. ellers har vi fått gode tips til korleis vi skal lage til nettstaden vår på google doc. godt å ha ein veileder tilgjengeleg, ikkje altid like lett å forske fram riktige løysningar sjølv :-)

vore ein lang dag dette her, 6 und3ervisningstimar, middag i hu og hast før 4 timar på Høgskulen. Haude tomt no, men litt visare....