søndag 19. april 2009

Michael Wesch vs Neil Selwyn

Livet er livslang læring. I alle tider har dei lærde diskutert kva som er den mest nyttige og effektive måten å tilegne barn og unge visdom. Visdom for å integrere seg fult ut i samtidas samfunn, og utvikle dette samfunnet mot noko ønska og betre. Læringsstrategiane har vore forskjellige, alt etter tid, menneskesyn og politisk styresett. Pedagogane er ofte speilbilde av det samfunnet dei er oppdradd i, og har da og sjølvsagt forskjelleg syn på dei ulike læringsstrategiane.

Det nettbaserte samfunnet, har flytta læringsarenaen frå bok til internett, og dette har skapt nye store utfordringar for skulen. Korleis og kor mykje skal ein styre barn og unge sin bruk av digitale verktøy og her Web 2.0 verktøy i undervisning for å nå ønska kompetanse? Skal ein diktere eller la dei få fritt utfolde seg, undrande utan kart og kompass på gjennom Web 2.0 verktøy?

Denne artikkelen syner to forskjellege syn på det aktuelle problemet; Web 2.0 i skulen, er det kvalitativt teneleg for å nå kunnskapsmåla? Representert av forskarane Michael Wesch og neil Selwyn. Eg avsluttar med min eigen konklusjon.

Michael Wesch er stor tilhengar av å la elevane få nytte Web 2 verktøy i skulen. Han ser den gamle styrte pedagogikken som kvelande for elevanes kreative utvikling. Ingen nye vegar blir gått, ved å gå i dei gamle sine fotspor. Det er den instinktive nysgjerrigheita på å forstå omverda som skal leie elevane frå spørsmål til ny læring, vidare til nye spørsmål til atter ny lærdom og så vidare og vidare. Elevane lærer best utan nedteikna struktur av autoritære veiledarar. Oppretting av wikiar blir sett på som nyttige der elevane kan utvikle ny kunnskap og virkeligheitsoppfattning gjennom sosial samhandling med andre elevar, enten gjennom å stille eller å svare på spørsmål.
Ved minst mogleg inblanding av lærarar med fasit, så slepp elevane fri. Dei tør å utvikle seg utan begrensningar, og tør å stille spørsmål på og til alt. Ingenting er for dumt til å undres over.

Neil Selwyn representerar forskarar som vektlegg ein meir styrt pedagogikk. Han meiner at Web 2.0 kan vere eit bra verktøy, men det må vere styrt med autoritet av læraren. Verktøyet har potensiale, men det må bli styrt for å oppnå kvalitet som gjer læring innanfor gitt pensum. Det er lett for at elevane ikkje klarer å nytte Sosial Web til annna enn å pleie sitt sosiale nettverk. Elevane vil vanskeleg klare å sjå korleis verktøyet skal håndterast i arbeid for å nå ønska kompetansemål. Ein har begrensa tid til undervisning i kvart delmål, og desse programma kan her representere ein mektig "tidstjuv" i undervisninga. Dersom det blir brukt Sosilal Web i skulen, må det vere i pedagogikk mot eledre elevar, for dei yngre har lett for å gå seg bort med tull og tøys.

Eg sjølv er ikkje samd med nokon av forskarane, men ligg meir midt mellom deira sine syn. Eg meiner at Sosial Web er noko barn og unge kjenner godt til, og bør kunne bli nytta produktivt i undervisning i nokre tema. Ved ein lærar med digital kompetanse, kan slike verkty bli nytta for å nå ønska kunnskapsmål. Det er viktig at læraren veileder og sikrer kvalitet på kilder som blir brukt, og vektlegg kildekritikk og rett publisering. web 2.0 er komt for å bli, og er godt egna til å variere undervisninga. Ved hjelp av elevengasjement med spørsmål og openheit til å utfolde seg, vil elevane oppgnå meir, vidare og høgare kompetanse. Web 2.0 verktøy som Nettby og Facebook er vanlege blandt elevane, og det er godt mogleg å nytte dette som læringsverktøy. Verda utviklar seg fort, og dei unge møter ei uendeleg mengd informasjon kvar dag. Det er viktig å ikkje leggje band på dei, men heller hjelpe dei til å orientere seg til kvalitetssikra informasjon. Dersom ein klarer å nytte verktøy som er interessant og kjente for elevane trur eg ein kjem langt i vegen mot ønska kunnskap.

Kilde:
Wesh Michael, "Anti-teaching: Confronting the crisis of significans", 2008

Selwyn Neil, "Web 2.0 applications as alternative environments for informal learning- a critical revew"

http://www.youtube.com/user/mwesch

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar